10.3.14

Debutantpris for Brune!

På NBUs årsmåte 8. mars ble jeg tildelt debutantprisen Trollkrittet for Brune.

Ingelin Røssland deler ut NBUs
 debutantpris Trollkrittet for 2013  
Juryens begrunnelse:
Det var i grunnen veldig lett å finna ein kandidat blant bøkene for 2013, Rådet har sjeldan vore så einige i ei avgjerd som nettopp denne. Det som er ekstra gledelig denne gongen er at det er snakk om ein forfattar som går frå å skriva vaksenbøker til å skriva bøker for barn. Når det er sagt, så bør det også seiast at det ikkje er alle som lukkast heilt i denne overgangen og kanskje skriv meir lettvint for barn enn vaksne, dette er ikkje tilfellet for årets vinnar av Trollkrittet. Han skriv så godt for barn at ein skulle tru at han ikkje hadde gjort anna, og at me inderlig håpar at han vil halda fram med å skriva litteratur for dei minste. I år er også første året at Trollkrittet ikkje går til ein ungdomsroman men til ei barnebok. Boka er ei varm og sorgmunter superheltforteljing, som også er ei ypparleg bok å lesa saman for barn og vaksne. For boka vant Øvreås Kulturdepartementets pris for beste barne- og ungdomslitteratur utgitt i 2013. Boka blei også nominert til Brageprisen 2013, og også internasjonalt har dei lagt merke til boka og rettigheitar er så langt seld til Tyskland og Nederland. Det er altså mange som har lete seg sjarmera av vesle Rune, som er Rune om dagen, men superhelten Brune om natta. Det er ei stor glede å tildela årets Trollkritt til barne- og ungdomsbokdebutanten Håkon Øverås.

Ingen kommentarer: